Meny

Om Hardbagg

Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!

Holmøyskarrennet

Hardbagg IL arrangerer Holmøyskarrennet kvart år på Palmesøndag. Turrennet går i klassisk, og er både for konkurranseløparar og turgåarar.
Turrrennet går i spektakuler natur på mellom 500-1000 høgdemeter, med flott utsikt over Nordfjord og Sunnmøre.

Rennet vart skipa i 1967. Tidligare veksla det med målgang mellom Nordfjord fritidssenter på Fjelli og Ålandsleite, men no er det fast start og målgang på same stad ved Nordfjord fritidssenter på Fjelli.

Kongen av Holmøyskaret er mangeårig olympisk deltaker og sølvmedaljevinnar Per Knut Aaland, med siger i nesten 30 av renna frå slutten av 70-tallet til over tusenårsskiftet.

Rennet blir arrangert saman med Veten IL. I år med godt ver, har bortimot 1000 skiløparar og turistar gått rennet.

Holmøyskarennet har eiga heimeside som du finn her.

Kalendar


Annonser