Meny

Om Hardbagg

Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!

Nyheitsarkiv


Resultat frå lagsmeisterskap felt og miniatyr 2009

Skrive av Øystein onsdag 11. november 2009

Bjarne Skrede vart lagsmeister i felten 2009 med 30 treff og 11 innertreff (30/11) Nummer to vart Per Kjell Aaland. Resultata for junior og rekrutt klassene blir lagt ut når dei foreligger.
På lagsmeisterskapet i miniatyr vart Roy Cato Hopland lagsmeister med 237 poeng


Årsmøte Rand Skyttarlag

Skrive av Øystein fredag 6. november 2009

Fredag 20 november kl 20.00 er det årsmøte Rand skyttarlag.


Salgskveld

Skrive av Øystein torsdag 5. november 2009

Trimgruppa arrangerer saman med Sport 1 salgskveld onsdag 18 november kl 20 på grendahuset (før trimmen). Representant frå Sport 1 kjem og demonstrerer og selger treningsutstyr. NB! Ikkje skiutstyr. Treng du noke til heimetreninga du så møt opp og sjå på utvalget. Det vert høve til å kjøpe på kvelden med både kort og kontanter, og vi er blitt lova gode rabatter.


Badevaktkurs

Skrive av Øystein fredag 30. oktober 2009

Vi er no midt i tida der Hardbagg IL har bading i symjehallen. Det er et krav at vi har godkjente badevakter for å få leige symjehallen. I år har Jens og Elke stilt flittig på som badevakter i tillegg til innleigde utanfrå laget. No arrangeres det kurs for badevakter i Stryn 10 november. Vi oppfordrer medlemmer som kan tenke seg å være badevakter neste år eller resten av badingane i år om å melde seg på. Slik håper vi at vi kan fordele vaktene på fleire.


Kalendar

Annonser