Meny

Om Hardbagg

Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!

Nyheitsarkiv

Salgskveld

Skrive av Øystein torsdag 5. november 2009

Trimgruppa arrangerer saman med Sport 1 salgskveld onsdag 18 november kl 20 på grendahuset (før trimmen). Representant frå Sport 1 kjem og demonstrerer og selger treningsutstyr. NB! Ikkje skiutstyr. Treng du noke til heimetreninga du så møt opp og sjå på utvalget. Det vert høve til å kjøpe på kvelden med både kort og kontanter, og vi er blitt lova gode rabatter.


Badevaktkurs

Skrive av Øystein fredag 30. oktober 2009

Vi er no midt i tida der Hardbagg IL har bading i symjehallen. Det er et krav at vi har godkjente badevakter for å få leige symjehallen. I år har Jens og Elke stilt flittig på som badevakter i tillegg til innleigde utanfrå laget. No arrangeres det kurs for badevakter i Stryn 10 november. Vi oppfordrer medlemmer som kan tenke seg å være badevakter neste år eller resten av badingane i år om å melde seg på. Slik håper vi at vi kan fordele vaktene på fleire.


Kleiva opp 2009

Skrive av Øystein fredag 30. oktober 2009

Til tross for dårlig vær var det ca 70 stk som tok turen på Kleiva Opp. Været var ikkje på vår side for å skape den folkefesten og gode turen som turen på Kleiva kan være. Likevel må det seiast at oppmøte var bra.


Fjelltrim 2009

Skrive av Monja fredag 23. oktober 2009

Det var god deltaking på fjelltrimmen i 2009 og.


Lagsmeisterskap bane 2009

Skrive av Øystein torsdag 22. oktober 2009

Monika Hammer blei lagsmeister på baneskytinga i år. med 337 poeng var ho 3 poeng føre Roy Cato Hopland


Kalendar


Annonser