Meny

Om Hardbagg

Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!

NM i Motbakkeløp

Skrive av Bodil Rand torsdag 1. august 2019

Rasmus persa med 5 minutt!

Resultat

Det var i alt 202 som starta i konkurranseklassene og mosjonsklassene med tidtaking. I tillegg vart det registrert 172 startande i mosjonsklassa utan tid. I tillegg var det mykje publikum, så det var eit yrande liv heile vegen oppover mot toppen av Mefjellet.

Rasmus persa tida si med 5 minutter og det er bra, svært gode løparar med i konkurransa, det betyr hard konkurranse.

NM motbakkeløp og Mefjellet opp 2019 er historie. Dette har vore ein flott dag, trass truande skyer og ein litt sur vind på toppen. Kjempeinnsats av alle deltakarar. Fantastiske løyperekordar av Kilian Jornet på 40,52 og Johanna Åstrøm på 50,49. Dei kan ikkje verte norske meisterar og desse titlane gjekk til Torstein Tengsareid, Skjalg IL i herreklassa og Karoline Holsen Kyte, Førde IL, i dameklassa.

Løypa startar ved Fjørå Kai Første delen av løypa går på asfalt gjennom nedre del av bebyggelsen i Fjørå. Etter ca. 500 m. svingar løypa inn på ein gammal skogsveg og følgjer denne nokre hundre meter. Deretter går den ut att på asfaltvegen og følger denne i nye 500 meter før den svingar inn på den gamle bygdevegen opp gjennom bygda. Løypa følgjer denne vegen til 2,5 km og 400 m.o.h. Her er også første drikkestasjon. Løypa flatar ut og ein spring nokre hundre meter på asfalt forbi gardstuna på Hauge. Her får stive lår og leggar ny energi før ein tek fatt på den bratte setervegen opp til Nysetra. Nysetra ligg 700 m.o.h og herifrå har ein flott utsikt utover Norddalsfjorden og innover Tafjorden. På Nysetra er andre drikkestasjonen og herifrå går løypa langs sti i varierande fjellterreng oppover til Mefjellet og mål 1100 m.o.h.

Helsing

Elisabeth ( kjekt å feire 100 års jubileum til gamleklubben min Valldal IL ,med NM motbakkeløp i barndomsbygda mi)

Kalendar


Annonser