Meny

Om Hardbagg

Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!

Gode resultater for skyttarar frå Rand skl på samlagstevnet

Skrive av redaktøren laurdag 29. august 2009

Det vart mange gode prestasjoner på samlagstevnet i skyting i Ålfoten. Mest overraskande prestasjonen var det Steinar Aaland i klasse eldre rekrutt som stod for. Med 249 poeng på innledande skyting låg han godt ann før finalen.

I finalen oppnådde han 98 poeng og totalt 347 poeng, noko som heldt til 3 plass. Det må seiast å være en god prestasjon når han knapt hadde prøvd børsa på førehand. Desverre kunne ikkje Tor Martin Kandal stille og då fekk Rand ikkje ha med lag på lagskytinga i rekrutt/junior klassa.  
På lagskytinga i seniorklassa fekk Rand ein sterk 3. plass etter jevn skyting av alle på laget. Rand stilte med Rolf Magne 92 poeng, Øystein 91 poeng, Kristin 92 poeng og Roy Cato 92 poeng. Laget var kun 10 poeng bak Hyen sitt førstelag. I seniorklassa vart Øystein bestemann frå Rand med 334 poeng, dette heldt til 10. plass. Dette var siste stevnet i år på bane.
Alle resultat frå stevnet finn du her.

Kalendar


Annonser