Meny

Om Hardbagg

Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!

Dugnaden er i gong

Skrive av Bodil Rand måndag 3. juni 2019

Årets stordugnad  er i gang!

No har vi lagt ny grus på fotballbana, ca 40x70 m, jamna so godt vi har klart og slodda, so den skal vere klar til bruk. Vi har prøvd å jamna til massa med litt overhøgde på midten, for å lede vatnet ut til sidene.

De som brukar bana mest må gjerne kome med tilbakemeldingar, det er fremdeles muleg å forflytte nåke masse frå eine plassen til hin viss de føler at bana er for ujamn. Når massa «set» seg vil en kanskje sjå litt tydelegare om en bør jamne litt meir. Vi tykte sjølve at resultatet såg bra når vi avslutta, ikkje 100%, men ok….

Bana kjem nok til å bli litt mjuk/laus i starten til massa «set» seg, so det blir nok litt uvant første tida.

Resten av bana blir ikkje gjort nåke med før trea rundt gjerdet evt blir rydda vekk, slik at vi forhåpentlegvis slepp at so mykje vegetasjon bles inn på bana.

MVH

Hardbagg IL

Elisabeth Strøm

Kalendar

Annonser