Meny

Om Hardbagg

Hardbagg IL har omlag 130 medlemmer.
Dei store arrangementa i klubben vår er Kleiva opp, Holmøyskarrennet og fotballcupen i jula. Ellers kan vi vel seie at vintersesongen er prega av eit flott skiskyttarmiljø!!

Haustaktivitetar! NB 18.november Medlemskveld på Chatlet

Skrive av Bodil Rand torsdag 7. oktober 2021

Nærare info om medlemskvelden ligg under. Info ligg og i kalendaren.

Haustaktivitetar

Medlemskveld på Chatlet

Det blir SKIDAG TORSDAG 18. november frå 10-21 - altså ein heil dag med gode tilbod for medlemmane i skigruppene vi samarbeider med. Klikk på lenka over for tilboda!
Vi utvider også opningstida vår, og held ope til 21 - så det er råd for dei som bur litt unna å rekke arrangementet. 

Vi har massevis av varer i butikken - og i tillegg vil ein kunne bestille ski, sko, stavar og anna utstyr frå fleire store leverandørar til ekstra gode rabattar. 
Blant anna har vi - 30% på alt av tekstil og hardvare frå Swix og - 20% på alt i butikken (unntak sykkel og sportselektronikk). 
Massevis av andre forsterka rabattar for medlemmane i skigruppene/-laga denne dagen. 

Vi har også forsterka den allereie gode toppturkompetansen vår på skidagen:
Skientusiasten vår Eirik tek pause frå skieventyra sine i Sogn, og blir med oss på ettermiddagen.
Ei fin anledning for dei som lurer på noko innan toppturutstyr å få god rettleiing. 
Ta gjerne kontakt om de har spørsmål!

Håpar dette er av interesse, velkomne skal de iallfall vere! 

Kalendar


Annonser