Gradestòkkjen

Hardbagg idrettslag har fått laga ein gradestokk med humor og gamle, lokale ord og utrykk som beskriv temperaturen. Orda og utrykka er henta frå Magne Skrede si samling "Halvgløymde ord og uttrykk frå besteforeldra si tid" som kom som ein føljetong i "Årbok for Nordfjord" gjennom fleire år, og frå hefta "Gamle ord og uttrykk frå Nordsida" av Nordsida Diakonat og Nordsida Sokneråd.

Illustrasjon frå Nosakleiva med utsikt utover den vakre Nordfjorden.

Forklaring av nokre ord på gradestòkkjen:

ovà dòtte = overraskande
ørskjen = forvirra
kjøvande = tungt å få puste, kvelande
øje = fælt, svært, nifst
sjòddeveir = Sjòdde= arbeide med " Ka du sjòdda med?"
krape = fryse på
det rin i nasa = det riv i nasa av kulde
greinalaust = upassande, fælt

Teikntydingar: O med accent grave ( ò) står for den opne ø-lyden som er typisk for enkelte bygder i Nordfjord. Accent aigu (´) står over den stavinga i ordet som har trykk i ordet (eks.: ová dótte)

Pris: kr. 385,- + evt. porto.

For tinging og meir informasjon: post@hardbagg.no, eller kontakt Trine Rand tlf. 412 58 818. Du kan også få kjøpt gradestòkkjen på Coop Fjelli, Bunnpris i Stryn og Didriks Kafé & Gaver, Nordfjordeid. Kontonummer som skal nyttast ved kjøp er: 3705 21 70614, hugs å merke betalinga med namn og adresse.

Gradestokk © Vibeke Rand